Leikepatruljen.JPG

Leikepatruljen, -gratis kurs og utsryr til alle skular!

I samarbeid med Sunnmøre friluftsråd kan vi no tilby skulane i Nordmøre og Romsdal å bli ein del av Leikepatruljen, -heilt gratis! 

Leikepatruljen handlar om å skape meir fysisk aktivitet, mindre mobbing og auke trivselen i friminutta på skulen. Sunnmøre friluftsråd har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen til prosjektet som består i gratis kurs og utstyr. 

Helsemyndigheten anbefaler at barn, ungdom og vaksne skal vere fysisk aktive minst ein time om dagen. Vi ser at mobbing og overvektige barn er eit vaksande problem. Vi veit også at det er mykje erting, plaging og mobbing i skulegarden. Dette vil vi gjere noko med!  

Prosjektet Leikepatruljen har til formål å skape fysisk aktivitet for alle barn og unge i friminutta gjennom leik og rørsle. Elevar frå 4. til 7. klasse utdannast til leikepatruljer på eit dags-kurs i lokalområdet, tilrettelagt og styrt av leikeinstruktørar. Tilbake på skulen skal elevane fungere som igangsetjarar av aktivitet for dei andre elevane i friminutta. På den måten er Leikepatruljen også med på å skape sosiale relasjonar på tvers av alder, kjønn og sosiale forhold.

Alle skular som vil vere med får leikepatruljekurs i sitt nærområde kvar haust og vår og ei utstyrspakke. 


Korleis blir vi med:

Ta kontakt med Marte Melbø på e-post; marte@stikkut.no eller på mobil; 47 25 20 12 for informasjon om korleis de kjem i gang. 


Les meir om;

download   Kva_er_leikepatruljen__1_.pdf