Krabber.jpg

I kurset "Livet i fjæra" samlar du ulike artar og lærer  namn og korleis dei lever..

Gratis fagdag for lærarar og SFO-tilsette

Er du lærar eller SFO-tilsett og ønskjer idear til aktiv undervisning i friluft? Bli med på gratis praktisk fagdag med kurs om livet i fjæra, naturen som klasserom og  bålfyring. Fagdagen vert arrangert i Kamsvågen i Tingvoll kommune onsdag 27. september.

Fagdagen er retta mot deg som underviser i naturfag, friluftsliv/uteskule eller kroppsøving, men andre interesserte er sjølvsagt velkomne.  SFO-tilsette vil og ha stor nytte og glede av desse praktiske kursa med små og stor idear til ei aktiv undervisning ute. Du treng ikkje førehandskunnskap for å kunne delta. Fagdagen vert arrangert av Straumsnes barne- og ungdomsskule og Aktivportalen.no som er eit samarbeid mellom Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Forum for natur og friluftsliv og Møre og Romsdal Idrettskrets. 

Tema:

Livet i fjæra - Dette kurset passar vel så godt til studenten som til treåringen. Vi møtes i fjøra og samlar alt det vi finn. Lærer namn, korleis dei ulike artane lever og tryller med tang!

Bålet - Til lunsj fyrer vi bål og lager ein enkel dessert og kaffi. Korleis lager vi eit bål som er godt å lage mat på? Og har du tenkt på at det er ei rekke med kjemiske prossessar i eit bål som brenn?

Naturen som klasserom - På dette kurset skal vi sjå på spor og sporteikn i naturen. Ikkje harespor i snøen, -men møte ein verden som ved første augekast er usynleg. Rett utanfor skuletrappa er naturen proppfull av ting og samanhengar som overraskar både vaksne og barn.  Undring er sjølve drivkrafta til læring. Det er all grunn til å legge naturfagtimen ute, og aldri gå frå A til B på grusvegen på turdagane.

Kurshaldarar:

Marte Melbø: Tidlegare var Marte tilsett som lærar ved Bjørnsund leirskule, og har lang erfaring med livet i fjæra og alt det spanande som foregår der. Marte arbeider no ved Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og er ansvarleg for Stikk Ut! satsinga. 

Jørn Kjersheim: Gjennom ei årrekka har denne mannen gått milevis i skogen saman med elevar frå mellomtrinnet. Jørn var tilsett i  Skogselskapet då dei hadde eit samarbeid med den kulturelle skulesekken om natur- og kulturformidling. Det er berre å glede seg til små og store overraskingar som han avdekker på si vandring i skogen.skriv inn tekst her