Turvei_paa_Julneset_i_Molde.jpeg

Sikring av områder til friluftsliv - "Look to Vestnes"

Det er eit stort behov for å sikre friluftsområde i nærleiken av der folk bur. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal oppmodar medlemskommunane om å aktivt bruke den statlege ordninga for sikring av friluftsområder som inneber at det offentlige kjøper grunn til friluftsområder eller inngår avtaler om bruk og tilrettelegging.

Dei fleste viktige friluftslivsområda er tilgjengelege for ålmenta gjennom friluftslova. Men i enkelte attraktive område gir friluftslova inkje vern mot grunneigars rett til å omdisponere areala frå utmark til innmark ved for eksempel oppdyrking, ny busetnad eller andre privatiserande tiltak. Tilrettelegging for friluftsliv, som for eksempel opparbeiding av turvegar, kan heller ikkje utførast med heimel i friluftslova. Det er også eit behov for å sikre ålmenta tilgang til innmarksområde som ikkje er omfatta av den frie ferdsels- og opphaldsretten i friluftslova. Slike område kan då sikrast gjennom offentlig kjøp av eigedom, eller ved bruksavtalar mellom det offentlege og grunneigar.

Kva er eit friluftsområde?

Eit friluftsområde er eit areal som er avsett til friluftsformål for uorganisert, utandørs og motorisert aktivitet. Det vere seg område for beding, båt utfart, turgåing og areal for leik, mosjonsaktivitet og anna naturoppleving. Ofte er desse områda regulert som friområde i kommuneplan/reguleringsplan, men mange av desse er også avsett som LN-område (LandbrukNaturFriluftsliv).

Kva er eit sikra friluftsområde?

Allereie i forrige århundre såg ein behovet for offentleg å ta vare på og sikre område til friluftsliv. Mange kommunar kjøpte opp område som var mykje i bruk. Staten har i over femti år hatt ein statspost til å sikre folk tilgang til friluftslivsområde, gjennom kjøp av grunn eller avtaler om bruk og tilrettelegging (sjå; http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Plan-og-analyse/Sikring-av-friluftslivomraade). I dag er meir enn 2 300 friluftslivsområde i Norge og om lag 130 områder i fylket vårt sikra for ålmentas friluftsliv ved denne statsposten, gjennom samarbeid mellom kommunane og staten. Utan aktivt sikringsarbeid ville mange naturperler vore bygd ned eller på annan måte gjort utilgjengelege for befolkninga.

Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal oppmodar medlemskommunane sine til å kartlegge og verdsette sine friluftsområder. Deretter er kunsten å sikre dei rette areala til friluftsliv, dvs. gjere eit utplukk av dei viktigaste friluftsområda og fremje sikringssøknader på desse. Samstundes som ein søkjer om å sikre sjølve arealet, må ein kome med forslag til opparbeidingstiltak. Opparbeidingstiltak kan vere tursti, toalett, gapahuk eller andre typar dagsturhytter, badeplassar, badeplattformer, badebryggjer m/u stupetårn, flytebryggjer, landgang, aktivitetsområde,  leirstad, friluftsleir, naturklatrestad og liknande skriv inn tekst her

Korleis kan ein sikra eit friluftsområde  

Vi ser at kommunane gjer ulikt arbeid knytt til å sikre areal for friluftsliv for innbyggarane sine. Vestnes kommune har i seinare år gjort eit arbeid innan temaet som er lagt merke til. Dei har gjennom bygdemøter kring i kommunen sin først kartlagt kva områder som folk brukar til rekreasjon samt har kartlagt kva områder dei ønskjer opparbeidd til føremål friluftsliv. Så har dei søkt om statleg tilskot til å både sikre arealet samt til opparbeidinga. Dette har gjort seg utslag i store statlege tilskot (inn i ei slunken kommunekasse) til sentrale friluftsområder (som til dømes Kråkvika) og til ulike sentrale turparkeringar i kommunen sin. Det seier jo sitt at Vestnes kommune står for 3 av totalt 7 søknader i heile fylket om sikring av friluftsområder i 2016.

Ta gjerne kontakt med Friluftstrådet Nordmøre og Romsdal om de treng hjelp til å kome vidare i saker knytt til sikring av friluftsområde.

Les mer om statlig sikring på Miljødirektorates sider