Åpning av Friluftlivets år i Nesset

Nesset kommune har mange arrangement den 13. januar, bli med på det som passer for deg!

På kommunens hjemmeside finner du mer informasjon om åpningsarrangementene. Der legger de også ut fine forslag til turer under ukas turtips. 

«Eit døgn i friluft» den 13. til 14. januar, blir avspark for eit år med mykje utandørsaktivitet  som i seg sjølv er helsefremmande. Dette døgnet blir alle oppfordra til å ete lunsjpakken sin ute. Skular og kommunetilsette har meldt at dei vil bli med. Det blir servert bålkaffe utanfor kommunehuset i Eidsvåg, mellom kl. 11.00 og 12.30.Kvelden den 13. januar kl 19.00 inviterast alle til kåseri og bilete på Nesset prestegard. Kortreist-Iver Gjelstenli, har brukt mange dagar i Nesset, og noko av det han har opplevd her, vil han formidle denne kvelden. Her viI også Stikk- UT! turmåla for 2015 bli presentert, og dei som har bestilt sine velfortente krus for 2013 vil få desse utdelt.  Etter dette arrangementet er det tid for «Natt i naturen» med ordføraren og MRT. Alle kan vere med på denne «kortreistturen».


Landets ordførarar er blitt utfordra til å sove ei natt i friluft. Nesset sin ordførar Rolf Jonas Hurlen, var rask til å takke ja da Molde og Romsdals Turistforening ville ha han med på dette. Overnattinga blir i skogen på Torhus i Eresfjord. Der har småskulen i bygda ein gapahuk på uteskuleplassen sin. Alle som vil bli med på bålkos og å krype ned i soveposen under stjernehimmelen, er velkommen til det. Etter ei god natt søvn, stiller Turistforeninga med frukost til ordføraren og andre som måtte dukke opp til kl 08.00. (Det vil vere merka med MRT - flagg frå fylkesvegen.) Plassen finn du ved å fylgje skogsvegen som går opp like nord for det gamle bedehuset ved skulebrua.


Molde og Romsdals Turistforening har lange tradisjonar i Nesset. Her vart den fyrste høgfjellsruta merka, og foreninga sine to eldste hytter, Måsvassbu og Hoemsbu ligg i kommunen. Sidan er det blitt fleire hytter og mange stiar har fått vardar og den raude T-en, slik at folk kan ferdast trygt og finne rett veg i fjellet. Nesset kommune vil i friluftslivets år leggje ut eit turtips kvar veke under logoen «Ukas turtips». Her vil alle hyttene til MRT bli tatt med, og dei turane som MRT har lagt til Nesset kommune vil det også bli gitt informasjon om. Dette finn du  på heimesida til kommunen og i lokalavisa «Driva».

Med dette døgnet frå 13. til 14. januar håper Nesset kommune og turistforeninga at vi får ein flott start på Friluftslivets år. Året da vi alle skal komme oss ut, bruke kroppen, kjenne roa og få gode opplevingar i flott natur. Velkommen ut til ei natt, eit døgn og eit år i friluft. Gjerne i Nesset